Soga om Ramnkjell Frøysgode
Hjelpespørsmål basert på nynorskutgåva:
Kapittel
1, s.25-26:
1. Soga begynner med "Det var i dei dagar..." Trur du
dette er tilfeldig?
2. Kva for ein tidsepoke er hendinga henta frå?
3. Kor er handlinga henta frå?
4. Kva for ein funksjon har draumen i kap. 1?
5. Kvifor er forfattaren så nøye med å knyte hendingane til
namn, vegval og stader gjennom heile soga?
Kapittel
2, s.26-27:
1. Kva for ein posisjon har Ramnkjell i samfunnet?
2. Korleis blir Ramnkjell skildra som person på side 26? Blir
det brukt direkte eller indirekte personskildring? Kva type
synsvinkel er nytta?
Kap.
3, s.27-28:
1. I fylgje soga var Såm "ein storlåten mann og vel kunnig
i lova." Oppfattar du dette som eit forvarsel om kva som vil
skje vidare i soga?
2. Øyvinds vikingeferd til Miklaferd blir nemnt ("..han gav
seg til der ei tid"). Er dette og eit varsel (frampeik)?
3. Ramnkjell gir halve Frøyfakse til Frøy. Kvifor er dette ei
sentral hending i soga?
Kap.
4, s.28-30:
1. Korleis blir Torbjørns sosiale stilling skildra?
2. Kva for haldninger gjer Ramnkjell til kjenne i forhold til
Einar?
3. Kva for åtvaring får Einar av Ramnkjell?
4. Frøyfakse går med tolv merrar. Trur du dette talet er
tilfeldig valt?
Kap.
5, s.30-33:
1. Her bryt forfatteren med den objektive sagastilen. Finn døme
på dette. Kva type synsvinkel blir nytta her?
2. Frøyfakse veltar seg tolv gonger. Er dette ein bibelallusjon?
3. Kva eigenskapar blir lagt til Frøyfakse?
Kap.
6, s.33-34:
1. Ramnkjell "gjekk til sengs om kvelden og sov natta over."
Kva fortel dette om Ramnkjell?
2. Ramnkjell reid "i mørkeblå klede." Kva fortel
dette?
3. Korleis blir drapet på Einar skildra? Er denne skildringa
typisk for ættesoger, og kva fortel i så fall dette om
mentalitet i vikingetida?
4. Ramnkjells motiv for å drepe Einar kjem fram gjennom eit
tankereferat (s. 34). Kva var Ramnkjells motiv? Er tankereferat
eit bråt med sagastilen? Finn andre tankereferat ut gjennom soga.
5. I vikingetida var det eit viktig skilje mellom drap og mord.
Er det som skjer med Einar, drap eller mord?
Kap.
7, s.34-38:
1. Kvifor får Torbjørn eit så godt tilbod om bot frå
Ramnkjell?
2. Kvifor avviser Torbjørn Ramnkjells tilbod, og kva fortel
dette om Torbjørn og mentalitet i den tida soga er henta frå?
3. Korleis oppfattar Ramnkjell Torbjørns avslag?
4. Kvifor vil ikkje Bjarne hjelpe Torbjørn, bror sin?(s. 36)
5. Kvifor hjelper Såm Torbjørn, og kva meiner Såm om Torbjørn?
Kap.
8, s.38-40:
1. Ramnkjell "måtte le då han høyrde at Såm hadde teke
saka mot han." Kva fortel dette om Ramnkjell og ættesamfunnet?
2. "Vinteren gjekk" er alt som blir fortalt om denne
vinteren.(s.38) Kva fortel dette om ættesogene som sjanger?
3. Vegvalet som både Ramnkjell og Såm nyttar til Alltinget, er
nøye stadfesta. Kvifor?
4. På side 40 er det døme både på direkte og indirekte
personskildring i eit og same avsnitt. Bryt nokon av desse
skildringane med sagastilen? Finn fleire døme på ulik
personskildring i soga.
Kap.
9, s.40-44:
1. På side 41 får vi vite at Torbjørn "græt".
Samsvarar dette med det norrøne mannsidealet?
2. Vi får vite at Torkjell har vore utanlands i "sju år".(s.42)
Trur du dette talet er tilfeldig valt?
3. Historia om tåa til Torgeir har visse eventyrtrekk. Forklar
dette? Er historia truverdig?
Kap.
10, s.44-48:
1. På side 47 får vi vite at Såm og Torbjørn var "kåte
og glade." Kva type synsvinkel og personskildring er nytta
her?
Kap.
11, s.48-49:
1. Her finst fleire tankereferat. Finn desse.
2. Kva fortel rettssaka mot Ramnkjell om rettssamfunnet på den
tida?
Kap.
12, s.49-51:
1. Forklar kva som ligg i orda "feransdom" og "skoggangsmann".
Kva fortel dette om samfunnet i vikingetida?
Kap.
13, s.51-54:
1. Både Torgeir og Såm rir mot Ramnkjell med 40 mann. Korleis
tolkar du dette?
2. Legg merke til stadfesting av vegval tilbake frå tinget.
Kvifor er dette viktig å få fram?
3. Ramnkjell ber om livet for mennene sine. Kva fortel dette om
Ramnkjell?
4. Ramnkjells menn blir hengt opp etter beina. Kva språkleg
verkemiddel blir nytta i denne skildringa?
5. Såm seier nei til Ramnkjells tilbod om løysepengar for seg
og mennene sine. I staden får Ramnkjell valet mellom å bli
drepen eller gje frå seg Adalbol og hovdingmakta. Handlar Såm
klokt sett med den tids briller?
Kap.
14, s.54-55:
1. Her blir folkesnakk referert. Korleis tolkar du dette? ("ovmods
æve")
2. Her blir daglegliv skildra. Er dette vanlig i ættesoger?
Kap.
15, s.55-57:
1. Her får vi vite at folket godtok Såm som overmann "endå
dei tenkte så ymist". Korleis tolkar du dette? Kva
verkemiddel er nytta her?
2. Må drukninga av Frøyfakse og eldsetjinga av gudehuset til
Ramnkjell tolkast som ei symbolhandling?
Kap.
16, s.57-58:
1. Korleis endrar Ramnkjell seg etter han får høyre at Frøyfakse
er drepen og gudehovet brent? Ligg det ein kristen bodskap i
denne skildringa?
2. I slutten av kapittelet får vi vite at Såm "var svært
glad i stas." Korleis tolkar du dette?
Kap.
17, s.58-61:
1. Øyvind har vore utanlands i sju år. Bibelallusjon?
2. Korleis blir Øyvind skildra?
3. Alle rir i "farga klede." Korleis tolkar du det?
4. Ei taus driv Ramnkjell til å bruke Øyvind som hemnoffer. Er
tausas rolle realistisk? Kvifor trur du Ramnkjell høyrer på det
rådet han får? Kva rolle har kvinner ofte i ættesoger?
Kap.
18, s.61-64:
1. Kva klede nyttar Ramnkjell, og kva fortel dette om motiva
hans?
2. Korleis tolkar du Øyvinds reaksjonsmønster?
3. Drapet på Øyvind er ikkje skildra med eitt ord, mens
rideruta forut for drapet er referert i detalj. Er dette typisk
for ættesogene som sjanger?
4. Ramnkjell mistar 12 menn. Bibelallusjon?
Kap.
19, s.65-66:
1. Ramnkjell tek Såm på senga og gir han dei same vilkåra som
han sjølv fekke av Såm. Kva slags verkemiddel er dette?
Kap.
20, s.66-68:
1. Her blir brukt ulik personskildring. Finn desse.
2. Såm reiser til Tjostarbrørne og var der "ei veke og
kvilte seg" før "han fortalde kva som var hendt mellom
Ramnkjell og seg". Korleis tolkar du dette?
3. Torgeir fell ein hard dom over Såm. Er du samd i denne sett
med ein vikings briller?
Skriveøkt
Skriv ein artikkel om Ramnkjell Frøysgode
-artikkelen skal innehalde eit kort handlingsreferat
-elles står du fritt til å leggje vekt på sider ved verket du
synst er interessante; til dømes særtrekk ved språk,
forteljarteknikk og komposisjon; du kan og diskutere om Soga om
Ramnkjell er historie eller litteratur og om det er ein skjult
kristen bodskap i verket
-artikkelen skal skrivast på sidemål
-artikkelen kan leverast på papir eller sendast som epost,
og det er høve til andre og tredje gongs innlevering
Se elles oversikt over tekstanalyse
og litteraturhistorie