| Europamesterskapet på skøyter 1966 i
Deventer -det såkalla "Såpe-EM" -Dette var den fyrste direkte overførte meisterskapen på TV, og blei seinare kalla "Såpe-EM". På grunn av mangel på snø vart banane avgrensa med såpestykkje, og alle hugsar vel Per Ivar Moes to-2-fall på 5000 då han tråkka på eit av desse såpestykkja. På grunn av NRKs nye "repeat-teneste" trudde me at han fall fire gonger. Elles vil eg opplyse om at eg, som den einaste i klasse 7b på Lagård folkeskule, fekk 1/2 time fri laurdag kl. 13.30 for å sykle heim og sjå NRKs sending. Eg hugsar ennå at det var medelev Olav Torgersen som bad lærar Åse gje meg fri. Takk til begge, som for lengst er gått bort. |





