|
Forfatter: |
|
|
|
Dato: |
24. september 2003 19:46 |
|
|
|
||
|
Når ein skal tolke Soga om Ramnkjell Frøysgode, kan det vera
interessant å stille spørsmålet om soga er historisk sann. Mykje kan tyde på
at soga er ein roman skrive av ein religiøs person. Soga bryt med den
autoral, referande synsvinkelen som er vanlig i ættesoger. Det blir til dømes
brukt tankereferat (Einar tenker) fleire stader, og det blir fortalt om
forhold der det ikkje kan ha vore vitne. Dessutan byggjer heile konstruksjonen i soga på at drapet på Einar
blir tatt opp på Alltinget; noko som var uvanlig for slike drap som skulle
avgjerast på eit lokalt ting. Utan Såms samarbeid med Tjostersønene på
Alltinget, hadde det vore umogleg å ta opp kampen mot Ramnkjell. Heile
soga er med andre ord lite truverdig. Soga innheld mange allusjonar til Bibelen som eg viser til i
gjennomgangen i klassen. Dette må bety at forfattaren må ha hatt kjennskap
til Bibelen. Ein kan og stille spørsmålet om ikkje soga har ein kristen
bodskap. Ramnkjell gjer avkall på dei heidenske gudane, og etter det blir han
eit betre menneske og det går han godt. Soga endar med at at Ramnkjell
får godet sitt attende, og han døyr på sotteseng. Det vonde i soga er
symbolisert med hesten Frøyfakse, som nettopp er helga (gitt) til den
heidenske guden Frøy, og det er denne hesten som fører til drap og hemnakt. Elles er soga skrive i ein typisk ordknapp sagastil der ein brukar få
ord i dramatiske situasjonar, mens vegval og ridevegar er nøye skildra for å
understreke at soga er sann. |
||