Ære og
bloddrap
Soga om Ramnkjell Frøysgode
Margrethe Stølen 2AFA
05/09-00
Soga om Ramnkjell Frøysgode er ei soge frå Island,
truleg skriven ned av ein biskop på 1200-talet. Ho er ei av dei kortaste sogene
som eksisterer og utgjer seg for å vera sann, men i seinare tider har det vorte
diskutert om dette kan stemma.
Soga byrjar med at Ramnkjell sin far, Hallfred, kjem
til Island med familien sin. Her busett han seg fyrst på Breidal, men flytta
seinare nord over heia. Her fikk han ein draum som varsla ulukke, så han flytta
endå ein gong.
Etter kvart får Ramnkjell faren til å rydda ein gard
til seg. Han kallar garden Adalbol. Ramnkjell giftar seg med Oddbjørg og får to
søner, Tore og Åsbjørn. Han tek gòdord over folket i dalen sin, og får av det
tilnamnet Frøysgode. Far og son kjem ofte på vitjingar til kvarandre.
Bjarne heitte ein mann. Han hadde to søner, Øyvind og
Såm, som var lovkunnig. Broren Øyvind reiste til Noreg og Miklagard og blei
verande der ei tid.
Ramnkjell har ein hest han held veldig av, han kallar
han Frøyfakse Denne hesten har han gjeve halvparten av til Frøy, og han har
lova at den som rir på hesten utan hans vilje, skal han drepa.
Torbjørn er broren til Bjarne og har ein son som
heiter Einar. Torbjørn har mange barn å forsørgje, derfor seier han til son sin
at han må få seg ein jobb. Einar går til Ramnkjell og får seg jobb som gjetar
for sauene. Dei beitar i nærleiken av der hestane held til. Ramnkjell gir Einar
lov til å ri på alle hestane, utanom Frøyfakse. Men ein dag Einar ikkje finn
sauene, rir han likevel på Frøyfakse. Hesten fer ned til Adalbol,
og Ramnkjell forstår kva som har skjedd. Han rir opp til setra og drep Einar.
Torbjørn rir bort til Adalbol og vil ha bøter for son
sin. Han får eit godt tilbod, men seier at han vil ha skilsdom mellom dei.
Torbjørn rir så bort til Bjarne, bror sin, og spør om hjelp, men broren vil
ikkje. Sonen, Såm, vil derimot hjelpa
han.
Både Såm og Ramnkjell dreg til Alltinget, men tek
forskjellige vegar. Såm ber dei store høvdingane om hjelp, men dei vil ikkje.
Dei veit at ingen har gått ut med seier i eit søksmål mot Ramnkjell.
Ein morgon treffer Torbjørn og Såm ein mann som
heiter Torkjel. Han er med fleire menn, og dei spør om han kan hjelpa. Han
seier at han ikkje har gòdord, men at broren hans, Torgeir, har. Torkjel seier
at dei skal gå til broren og spørje, og seier korleis dei skal gå fram for å få
han til å tala saken. Torgeir lovar å hjelpe Torbjørn, og ber dei om å reise
heim utan å seia det til nokon. Dei to brørne vert kalle Tjostarsønene.
Etter ei tid går dommarane i retten og Såm reiser
søksmålet sitt. Tjostarsønene har samla [EN1]folk,
og når Ramnkjell vil fram og føra
vitnemålet sitt, kjem han ikkje til. I staden vert han lyst fredlaus. Likevel
dreg han heim som om ingenting er skjedd. Såm reiser ikkje heim før tinget er
slutt. Saman med Tjostarsønene dreg han for å fullbyrda domen. Dei overraskar
Ramnkjell, og Såm gir han to val. Anten kan han bli drepen eller han kan
forlate Adalbol og gje frå seg høvdingsetet. Han vel livet og flyttar til
Lokhylla. Her lever han under harde kår det fyrste året, men etter kvart kjem
han seg på beina att. Folk har respekt for han, på same måte som før.
Tjostarsønene seier til Såm at han burde drepe Ramnkjell.
Såm har i mellomtida busett seg på Adalbol. Dei har
drepe Frøysfakse og brent ned gudshuset. Tjostarsønene drar heim att, mens Ramnkjell får høyra om kva dei har gjort med
hesten og gudshuset. Han sluttar å tru på gudane samtidig som makta hans aukar.
Øyvind, bror til Såm, kjem heim att. Ei tenestekone
hos Ramnkjell ser at han rir forbi, og egger
Ramnkjell til å hemne seg på Såm. Han dreg etter Øyvind og drep ham, men
skosveinen hans rir til Såm og fortel kva som skjer. Såm prøver å forfølgja
Ramnkjell, men han har for mange menn. Seinare samlar Ramnkjell folk og dreg
til Adalbol. Han let Såm få det same valet som han, og Såm vel òg livet.
Såm dreg til Tjostarsønene og ber om hjelp, men dei
avslår. I staden tilbyr dei han gods. Såm vil ikkje ta i mot. Han får aldri
attende æra si. Ramnkjell derimot levde godt og døydde på sotteseng.
I soga kjem det fram at ære og ætt er noko av det
viktigaste for dei gamle ”vikingane”. Ramnkjell drep Einar fordi han har lova
at han skal gje banehogg til den som rir på Frøyfakse utan hans lov. Ramnkjell
seier til Einar: ”Endå skulle eg ha bore over med deg denne gongen, sidan du
vedgjekk så greitt, om eg ikkje hadde lova så dyrt”. Her hadde Ramnkjell mista
æra si om han ikkje hadde halde løftet sitt. Etter drapet tilbyr Ramnkjell
Torbjørn bøter, noko han aldri gjer elles: ”men du er ikkje ukjend med at eg
ikkje bøter nokon mann med gods...”. Torbjørn får eit godt tilbod, men takkar
likevel nei, han vil ha menn til å seie skilsdom. Her kjem æra inn igjen, saman
med at ætta er det einaste vernet. [EN2]Skjer
det noko, er det hos ætta ein får hjelp. Torbjørn vil ha blodhemn, noko som
står sentralt i dei fleste ættesogene.
Torbjørn får Såm til å hjelpa seg. I begynninga av
soga får ein høyra at Såm er ein mann som er vel kunnig i lova. Dette er ein
form for frampeik, for Såm er den einaste som vil hjelpa Torbjørn. Av andre
frampeik som bør nemnast, er at mørkeblå
klede varslar drap: ”Han reid i mørkeblå klede, og hadde ei øks i handa”. Denne
scenen finn stad rett før drapet på Einar. Det same varslar drapet på Øyvind:
”Det er ein stor mann til hest i mørkeblå klede, og eg tykkjer han liknar på
Ramnkjell gòde...”.
Draumar har ein vesentleg plass i sogene. Vikingane
trudde at draumane varsla noko som skulle skje, og følgde dei, slik som
Hallfred gjer når han flyttar: ”Ei natt drøymde han at ein mann kom til han og
sa: ”Her ligg du, Hallfred, uvarleg. Flytt bustaden din herifrå og vest til
Lagarfljot”.
Forfattaren bryt med sogenes kjenneteikn når han
brukar direkte personbeskriving: ”Ramnkjell var ein sjølvrådig og omsynslaus,
men ein velseda mann”. Det vert brukt direkte personbeskriving andre stader og.
Ein viktig ”sogeregel” vert og broten når forfattaren fortel personanes tankar:
”Einar ser at morgonen lid,. og tenkjer at Ramnkjell ikkje vil få vite det om
han rid på hesten”.
Kvinnene i denne soga har ikkje mykje dei skulle ha
sagt, bortsett frå vaskekona som egger
Ramnkjell til hemn. At kvinner står bak og eggjar til strid, er noko som skjer[EN3] i
fleire soger.
Forfattaren brukar ein ordknapp forteljarstil, t.d.
når Einar vert drepen: ”... innpå Einar og hogg han banehogg”. Same
ordknappleik vert brukt når Øystein vert drepen. Her vert ikkje sjølve drapet
skildra, men når Såm kjem til for å hjelpa, er
Øystein drepen: ”Øystein var fallen, og alle mennene hans”. Dette er eit
kjenneteikn som går igjen i mange av sogene, på same måten som det går igjen at
udramatiske hendingar kan beskrivast i minste detalj, som t.d. før drapet på
Øystein. Då vert vegvalet til Øystein skildra i detalj.
I denne soga fins det fleire bibelallusjonar, noko
som kan tyda på at teorien om at ein biskop har skrive ho, stemmar. Dei fleste
skriftlærde på den tida var munkar og prestar, og det er ingenting som tyder på
at det ikkje skulle vera det same med denne soga. Soga byrjar faktisk med ein
bibelallusjon: ”Det var i dei dagar då Harald Hårfagre var konge...”. Dette er
ein klar likskap til byrjinga på juleevangeliet. Blant dei andre
bibelallusjonane er det tal som går igjen: ”Tolv merrar føljer han....”. Og når
Einar har ridd på Frøyfakse, rullar han seg tolv gonger: ”Han velta seg rundt
ei tolv gonger”. Tolv er jo talet på Jesu disiplar og på Israels stammar. Talet
sju finnes også, eit tal som går igjen i Bibelen: ”...og då hadde eg fare
utanlands i sju år og heilt til Miklagard”. Også Øyvind har vore i utlandet i
sju år: ”Han hadde då vore utanlands i sju år”.
I byrjinga av soga får ein tid- og stadfesta ho: ”Det
var i dei dagar Harald Hårfagre var konge...”. Gjennom heile soga blir stader
namngjevne, men likevel er det mykje som talar i mot at ho er heilt sann, m.a. at det vert brukt tankereferat. Dessutan
var det ikkje vanleg å ta opp ”små” sakar som drap på Alltinget. Fleire av
personane som er nemnde, deriblant Tjostarsønene, er ikkje å finna i anna
litteratur. At ei soge som har blitt overlevert munnleg i rundt
200 år, skal vera sann, er lite sannsynleg, særleg med tanke på at Snorres
soger heller ikkje vert rekna som 100 % pålitelege.
Kor vidt det fins ein kristen bodskap i denne soga,
kan diskuterast. Den norrøne mytologien står sterkt. [EN4]
Ramnkjell er ein tilhenger av denne trua, og det er forståeleg, når ein ser kor
mykje makt han har. Han har valt Frøy, fruktbarheitsguden til ”sin” gud, eit
gunstig val når ein driv gard. At kristendommen har kome til landet, kjem i
alle fall fram av bibelallusjonane, og med tanke på at Torkjel seier ja til å
hjelpe Såm og Torbjørn utan nokon grunn (i alle fall ikkje som kjem fram i
teksten), kan dette vitna om at Tjorstarsonene er kristne, og står fram som ein
form for barmhjertige samaritanar. I tillegg drep dei Frøyfakse, hesten som høyrer
tilFrøy, og brenn[EN5] ned
gudshuset til Ramnkjell. Det står ingenting i soga om dei har kristne
bakgrunnar for handlingane, men truleg har dei det. [EN6]Torkjel
har vore i Miklagard og høyrt om Kvitekrist. Det at dei anbefalar Såm å drepa
Ramnkjell, vert jo litt motseiande, men dei kristne i vikingtida hadde eit litt
anna syn.[EN7] Dei
syntes det var greitt å drepa heidningar (kor mange var det ikkje som drog til
Jorsal og drap muslimar dei møtte på vegen med korset i eine handa og sverdet i
andre?).
Når Ramnkjell høyrer om tapet av hesten og gudshuset,
sluttar han å tru på gudane. Det står ingenting om at han vender seg til
kristendommen, men det går betre med ham, noko som viser seg i slutten av soga.
Likevel, om ikkje alt som står i denne soga er sant, og
sjølv om forfattaren truleg har dikta ein god del, har han likevel gitt oss eit
innblikk i korleis det var å leva på Ramnkjell si tid. [EN8]Sjølv
om ein ikkje er så interessert i litteratur, er dette ein god måte å tileigna seg kunnskap om ei
svunnen tid.