Artikkel om realismen.

Realismen var gullalderen i norsk litteratur og varte frå ca 1870 til 1890. I denne perioden slo dei såkalla fire  store gjennom, og dominerte litteraturen.

 

Realismens program blei formulert av Georg Brandes: «Det, at en litteratur i vore dage lever, viser seg i, at den sætter problemer under debat.»  (Læreboka) Brandes heldt foredrag i Noreg, og brevveksla med både Ibsen, Bjørnson og Kielland og fekk stor påverknad på den norske litteraturen. 

 

Bakgrunnen for realismen ligg i eit samfunn som forandra seg raskt frå 1850. Industrialiseringa starta, byane voks og nye samfunnsklassar oppstod. Industrien skapte ein fattig arbeidarklasse som tente dårleg, og budde trongt og dårleg. Eit nytt borgarskap voks fram, og blei den nye overklassen. Med det nye industrisamfunnet kom og tvilsame forretningsmetodar og dobbeltmoral. Kvinna var umyndig og var underlagt mannen i ekteskapet, og i industrien fekk ho halv løn samanlikna medmanne. Dersom familiane skulle klare seg, måtte og barna jobbe. Barnearbeid var vanleg, og barna fekk derfor lite og dårleg skulegang.  Einslege mødrer blei sett ned på og hadde det vanskeleg, og barn utanfor ekteskapet blei rekna som ”uekte”. Kvinna skulle vere jomfru når ho gifta seg, mens mannen kunne gå på horehus.

På landsbygda skjedde eit hamskifte. Nye reiskapar blei tatt bruk, og mange utvandra  til USA. Bøndene organiserte seg, og dette førte til ei demokratisering av det norske samfunnet som kulminerte med at Venstre pressa gjennom innføringa av parlamentarismen i 1884. Partia Venstre og Høgre blei stifta, og mens  Venstre var bøndenes reiskap, forsvarte Høgre embetsmannstaten. Kulturelt  oppstod motkultarane som fråhaldsrøyrsle, målrøyrsle og lågkyrkjelege organisasjonar, og desse blei gode allierte i Venstres og bøndenes kamp mot embetsmennene som var dominerande i regjering og statsforvaltning frå 1814 til 1884.

Nye tankar oppstod og utfordra kristendomens monopol på sanning. Darwins utviklingslære skapte sterk motstand frå prestar og kyrkje, og reduserte etter kvart Bibelens autoritet. Karl Marx teoriar om sosialismen som eit produkt av klassekamp, påverka arbeidarklassen til å organisera seg og gjere opprør mot arbeidsforhold og kapitalisme. Vidare påverka liberale tankar diktarar i demokratisk retning.

Alt dette gav grobotn for ein realistisk litteratur som skulle skildra røynda.  Norsk realisme blei då også svært samfunnskritisk, og ulike samfunnsspørsmål blei tatt opp og debattert. I Et Dukkehjem  kritiserte Ibsen det borgarlege ekteskapet og kvinnas underordna stilling, mens Kielland gjekk laus på latinpugg i skolen i sin kjente roman Gift. Presteskapet fekk gjennomgå av både Ibsen og Kielland, og blei kritisert for hykleri og dobbeltmoral.

Realistane skildra bare delar av røynda, mens naturalistane gjekk detaljert til verks og hadde som mål å få fram detaljar og heile sanninga. Spesielt la naturalistane vekt på å skildre fattigdom, alkoholisme, svelt og naud utan nokon kommentarar eller påtrengjande bodskap til lesaren. Naturalistane var nemleg deterministar og la vekt på at arv og miljø bestemte menneskets skjebne. Naturalistane ville nok påverka samfunnet, men dei brukte ikkje slike påtrengjande peikefingrar som realistane. Kielland og dei andre realistane hadde eit positivt menneskesyn der ein hadde tru den frie viljen  og enkeltmennesket evne til å endre seg sjølv og  samfunnet.

Mens realistane gjerne brukte ein autoral allvitande synsvinkel med kommentarar til emne og personar, brukte naturalistane ein autoral refererande synsvinkel der stoffet skulle presenterast fotografisk og korrekt. Derfor måtte replikkar skrivast på dialekt i naturalistiske verk, og detaljar måtte med; også groteske fakta. I Amalie Skrams naturalistiske verk følgjer ho fleire slektledd, som i trilogien Hellemyrsfolket.  Den første romanen  Sjur Gabriel  begynner med at kona i huset, Oline, drikk, og etter ei historie om død, fattigdom, konemishandling og alkoholmisbruk, endar boka med at både mann og kone drikk.

Karens jul  er ei kjend naturalistisk novelle skrive av Amalie Skram der vi møter ei fattig aleinemor som ikkje har nokon stad å bu, og som derfor har søkt lyd i eit lite hus på kaien i Kristiania saman med det litle barnet sitt. Det er jul og svært kaldt. Ein politikonstabel finn Karen og vil kaste ho ut, men ho ber om å få vere der til over jul når ”husfrua” kjem heim att, og Karen igjen kan få jobb som tenestejente. Konstabelen er eit godt menneske, og seier ja, men dette får katastrofale følgjer. Tre dagar etter dette finn konstabelen Karen og ungen i hel frossen, og etter dette blei huset rive.

Novella er fortalt i ein autoral refererande synsvinkel utan forfattarkommentarar og utan nokon påtrengjande bodskap. Poenget til Skram og naturalistane var at røynda skulle tale for seg gjennom å sjokkere lesaren. Novella er nærast fotografisk i skildringa av miljø og personar. Huset er ”gråmalt ….med flatt tak, utan skorsten, omtrent to og en halv meter og litt kortere i bredden”. Ved ein slik presis skildring seier Skram at dette er ei sann historie. For å understreka realismen er derfor replikkane skrive på dialekt. Typisk for naturalismen er også bruken av tostavings adjektiv som ”brann-gul”, ”grumset-rødt”, ”gråmalt”og ”gråhvitt” som strekar under eit trist liv  og eit fattig samfunn. Det går ei samanhengande linje frå eit fattig og trist miljø til ein tragisk slutt.

Samanliknar vi med Kiellands En god samvittighed  ser vi klare forskjellar. Kielland er realist, og brukar ein autoral allvitande synsvinkel der han direkte og indirekte kjem med kommentarar og bodskap. I novella skildrar han Fru Varden  som på grunn av dårleg samvit for dei mange fattige lar vere å kjøpe ny kjole, og i staden oppsøker dei fattige for å hjelpe. Ho lar seg transportere i stor vogn med eigen kusk dradd av ”fete hester”, noko som understrekar hennar rikdom. Som eit symbol lar Kielland vogna køyre seg fast i fattigkvarteret, og kjem seg berre så vidt ut att. Fru Varden blir fråstolen lommeboka, og oppsøkjer ein fattig familie som bur i eit rom. Ein fattigforstandar reddar ho frå å gje dei fattige pengar. Han forklarar ho at husfrua er prostituert, mannen alkoholikar og ei lita jente er gravid med mannen i huset. I følgje forstandaren er dei dårlege menneske, og seier at dei berre vil  drikke opp pengane.

Fru Varden kjem seg ut av fattigkvarteret overbevist om at dei som er fattige,  er umoralske og dårlege menneske, og at det ikkje er noko å gjere med det. Novella endar med at Fru Vardar oppsøkjer ei venninne for å fortelje om det ho har opplevd, og deretter køyrer ho til sydama si og bestiller ny kjole med godt samvit. Kielland får klårt fram borgarskapets fordommar i forhold til fattige, og herjar med borgarskapets gode samvit.

Det mest kjente verket i realismen er nok Ibsens Et Dukkehjem som kom ut i 1879. Ibsen møtte ei ung dame som hadde brukte som figur for Nora; rett og slett fordi ho hadde opplevd det same som Nora. Dramaet er ein skarp kritikk av det borgarlege ekteskapet der Nora ikkje har nokon annan funksjon enn å vere til lyst og glede for mannen. Når Nora innser at ekteskapet er ein dokkeheim, og at ho sjølv berre ei dokke, går ho frå mann og barn. Noko slikt var på den tida så sjokkerande  at stykket ikkje blei sett opp på norske teater på mange år. Då dramaet blei sett på i Berlin, sette ein til ein femte akt og lot Nora gå tilbake til Helmer, mannen hennar, rett og slett fordi publikum ikkje vil godta ei kvinne som brøyt ut av ekteskapet. Dette gjorde at Ibsen sjølv skreiv ein autorisert 5. akt, men dette angra han på. Det er nettopp Noras brot med Helmer som er det sjokkerande.

Ibsen skapte sin eigen variant av det klassiske teateret; titteskåpet. Han brukar dei klassiske, antikke verkemidla om tida, staden og handlingas einskap i sine drama. Handlinga skulle strekke seg over ei tid på maksimum to dagar og skje kronologisk og på same stad. Ibsens drama går altså føre seg i eit rom der publikum sit i den fjerde veggen.

I tillegg reindyrkar Ibsen ein retrospektiv teknikk: Dei viktige hendingane har skjedd før dramaet startar, og i løpet av den tida dramaet varar, blir sanninga avdekka. I Et Dukkehjem har Nora lånt pengar av Krogstad og forfalska lånebrevet med farens namn etter at faren er død. Dette lovbrotet har Nora gjort for at Helmer skal komme til Syden og bli frisk frå ein dødeleg sjukdom. Alt dette har skjedd før dramaet begynner, og når Noras venninne Kristine kjem på besøk, startar avdekkinga av Noras lovbrot.

Helmer kjenner ikkje noko til Noras ”hemmelighet”, og Nora forsøker fortvilt å betale tilbake lånet utan at Helmer skal få vite om det heile. Kristine får ein stilling i banken som Helmer styrer, og Krogstad bli sagt opp. Dette gjer at Krogstad pressar Nora for å behalde stillinga. Nora forstår ikkje at ho har gjort noko straffbart, og når sanninga kjem fram, reagerer Helmer med sjokk og vil ta frå Nora all kontakt med barna. Det er då Nora forstår at Helmer ikkje er den mannen ho trudde han var. Ho forventa at han ville ta på seg all skuld, men i staden tenker Helmer berre på si ære. Nora går frå mann og barn for å finne seg sjølv og bli kjent med samfunnet.

Ibsen brukar replikkar som inneheld skjulte bodskap, samstundes som bruker presise skildrar av scenen og personar. Dramaet skjer i jula, og Noras historie  blir ein kontrast til julehøgtida. I første akt er det ”…tæppe på gulvet; ild i ovnen. Vinterdag.” Ut av dette ser i ein hyggeleg, borgarleg heim, men der noe ytre trugar…………………………………….

Lykke til videre med skriving. Dette begynner å bli for langt allerede, så et utvalg av dette vil passe; pluss en avrunding og avslutning .  Dette er skrevet ut fra eget hode, og derfor er kilder ikke oppgitt. Bruker dere kilder, må disse oppgis  i og etter teksten.

.