"Et
dukkehjem"
Henrik Ibsen levde frå 1828-1906. Han vaks opp i Skien, men tilhøvet til
foreldra var heller dårlig, og derfor reiste han til Grimstad for å bli
apotekerlærling i ein alder av femten år. Ibsen skreiv sitt første skodespel i Grimstad, men det blei vraka av
forleggjarar og dei ulike teatra. Ibsen skreiv vidare i Kristiania, nærare
bestemt "Heltbergs studentfabrikk", der han trefte andre som delte
hans lidenskap for skriving. Studiane gjekk dårleg, men Ibsen blei kalt til
Bergen som instruktør på teateret. Han blei seinare teatersjef på Kristiania
Norske Teater, men reiste til utlandet då teateret sleit med dårleg økonomi. I
utlandet fekk pennen fart og gjennombrotet kom i 1866 med stykket
"Brand". Ibsen er ein av dei fire store, saman med Bjørnson, Kielland
og Lie.
"Et dukkehjem"
er skrive i 1879 og er eit skodespel i tre akter, og er skrivi av Henrik Ibsen.
Sentrale personar i boka er Torvald og Nora Helmer, doktor Rank, fru Linde og
sakførar Krogstad.
"Et dukkehjem"
utspelar seg rundt og hjå familien Helmer. Familien er relativt velståande, og
Torvald har nettopp fått seg ei ny stilling, han har nemleg vorte bankdirektør.
Familien er veldig godt likt i sosiale samanheng. Nora slit med nedbetaling av
eit lån ho tok opp for å redde mannen sin. Torvald var veldeg sjuk for ei stund
sidan, og Nora lånte pengar bak mannens rygg, for at dei skulle kunne reisa til
utlandet slik som doktoren hadde råda. Pengane lånte ho hjå sakførar Krogstad,
og ho skreiv under papira med falsk underskrift. Nora fortalte Torvald at ho
hadde fått pengane hjå far sin.
I sin nye stilling som
bankdirektør finn Torvald ut at han ikkje treng sakførar Krogstad lenger, og
han ynskjer å kvitta seg med han. Han kan ikkje fordra denne mannen. Torvald
veit lite om avtalen som kona hans har gjort med sakføraren. Krogstad legg
stort press på Nora. Han seier at det blir opp til Nora å overtala mannen sin
om at han må gje jobben hans tilbake. Nora klarer ikkje å overtala mannen sin.
Noras venninne, fru Linde, hadde ein gong vore kjærasten til sakførar Krogstad.
Ho klarer å overtala han til ikkje å seie noko om lånet, med då er det allereie
forseint. Sakførar Krogstad har nemleg lagt eit brev i familien Helmers låste
postkasse. Då Torvald har lese brevet, vil han ikkje ha noko med kona si å
gjere, ho skal ikkje få oppdra borna heller. Torvald får eit nytt brev i frå
sakførar Krogstad. Det er gjeldsbrevet, han seier nå at Nora bare kan få vere,
slik at alt blir som det hadde vore. Nora derimot, har fått augo opp og ynskjer
ikkje å leva meir i "dukkehuset". Ho reiser frå mann og born.
Nora forandrar seg gjennom stykket. I
begynnelsen av stykket er ho tilsynelatande lykkeleg og optimistisk. Ho liker
godt at mannen hennar er blitt direktør i Aksjebanken, noko som vil gje henne
fleire pengar og større sosial aksept. Nora er ei lettsindig dame, noko som ho
ikkje legg skjul på. Ho ser lyst på tinga og tar ein dag av gangen. Det verkar
ikkje som om ho har eit einaste problem i verda. Nora brukar mykje tid på å skapa
"det perfekte hjem". Ho gjer alt for å gleda mannen og ungane sine,
sjølv om det går ut over henna sjølv. Nora er voksen nok til å ta seg av husets
gjeremål, men barnsleg nok til å leika med borna sine.
Nora
"finasierte" turen til utlandet som mannen hennar trengte og blei
råda av doktoren til å ta. Dette ser ho på som eit prov på at ho kunne utrette
noko. Ho lyder mannen på dei fleste områda, men gjeld det ein av livets goder
(kokosmakroner), då kan ho gjerne halda på ein hemmeleghet. Ho trur på at mannen
vil henne alt det beste, og tvilar heller ikkje på hans kjærleiken til henne.
Dette gjer Nora eit snev av naivitet. Ho trur det ho høyrer og blir fortalt. Ho
er blitt prega av det miljøet ho lever i. Torvald har ein tendens til å bruka
ein barnsleg tone når han snakkar til Nora, noko som ein i dag ville sett på
som krenkjande, men som er heilt daglegdags for Nora.
I andre akt er Nora like
godtruande. Ho trur ikkje sakførar Krogstad vil gjera verkelegheit av truslane
fordi ho har tre barn. På den andre side begynner ho å tenkja på kva ho skal
gjera om Torvald får veta om pengane ho har lånt hjå sakførar Krogstad. Ho blir
ganske desperat i sitt forsøk på å overtale mannen sin til å la Krogstad få
behalde plassen sin i banken. Nora er ikkje like mykje med barna sine, som ho
pleidde. Ho har andre ting i tankane, ho er villig til eine og aleine stå til
ansvar for dei pengane som ho har lånt., og gjer alt for å skåne familien. Ho
er villig til å rømme frå hus og heim. Nora føler også på dette tidspunktet at ho
må søkje hjelp hjå både fru Linde og doktor Rank. Ho som tidlegare ikkje hadde
noko å engsta seg for, visar store teikn til uro.
I tredje akt ser ein at Nora har utvikla seg til å bli den fornuftige. Det er plutseleg ho som kjem med dei fornuftige utspela. Ho er nå klar over nederlaget. Ho veit ho har tapt, men vil ikkje gå ned med flagget til topps. For siste gong vil ho dansa seg igjennom natta, for så aldri å gjere det igjen. Ho er fullstendig medviten på det ho gjer. Ho er klar til å forlata borna, mannen og heimen sin. Sjølv om Nora veit at det ho gjorde var for mannen hennar, veit ho at han vil ta det som eit svik mot han som menneske. Ho veit at å gå bak mannens rygg er ein alvorleg ting. Ho er alt klarare, og er klar over at Torvald har styrt henne som ei dokke. Ho veit at ho har eigne meiningar og at ho vil vera noko anna enn eit "leketøy". Ho er eit menneske med menneskelige eigenskapar som ho sjølv vil råde over. Det viktigaste for henne er å finna seg sjølv..
Torvald Helmer er, i motsetning til konen sin, veldig konsevativ. Han
er ein mann bunde av tradisjoner. Han er ein striks mann som meiner at det er
mannen i huset som skal tena pengane, og elles kan han gjere som han vil. Torvald ser det heilt unødvendig
at kona hans høyrer noko som helst om arbeide hans. Ho må for all del ikkje
forstyrra han når han er på kontoret sitt. Derimot skal ho vere flott å sjå på,
hyggeleg å vera saman med, og ho skal føda barn. Han er som menn flest på den
tida, og ser på kona si som eigendomen sin. Ho skal føya seg etter mannen sin,
ta imot råd frå han og tilfredstilla lystene hans. Han veit nemleg kva som er
best for henne.
Torvald er veldig lite
saman med borna. Han syntes at det å ta seg bra ut i selskap er av mye større
interesse. Han veit også at hans nye stilling i Aksjebanken vil gje han høgare
sosial staus, noko som passar han utmerka. Når det gjeld huset, har han heilt
og fullt gitt ansvaret til konen sin, sidan dette ikkje er ein jobb for
mannfolk.
Torvald vil ikkje bli
sett saman med ein person som kan sette han sjølv i dårleg lys. Kva andre folk
meiner, er sjølvsagt noko han tek alvorleg, sjølv om det betyr å gi opp kona og
heimen.
Temaet i "Et dukkehjem" er kvinneundertrykking. Dette var eit av temaene
realistane skreiv om, på denne tida under den såkalla tendensdiktninga. Det var
eit angrep mot dei tradisjonelle kjønnsrollene. Kvinnene skulle representera
ideala "sanninga fridomens
ånd". Dei skulle
reise seg frå det mannsdominerte samfunnet. Det var nettopp derfor forfattarane
tok kvinnas side, og lot dei representera dei nye ideala.
Stykket er av liten aktualitet i dag. Menneska i dag er så bevisste på rollene i samfunnet, og vi kjem nærare likestilling kvar dag. Kvinner er i jobb på lik line med mannen, og mannen tar del i husarbeidet. Det er slutt på dei tidene kor det bare var kvinna som var på kjøkkenet. Før hadde ein også det ein kalla kvinneyrker og mannsyrker. I dag er det så og seie likestilt.
Einar Nodland
Randaberg videregående skole