Fagdag i historie

      Alle VKII allmennfagklasser, onsdag 22. mars 2006

Introduksjon

 

 

Føremålet med fagdagen er at elevane skal jobbe med historiske kjelder. Elevane kan velje mellom følgjande tema:

1.      2. verdskrig

2.      Sosiale forhold i Noreg fra 1800-tallet

3.      Angrepet på Norge.

4.      Dagligliv og/eller norsk motstand under krigen.

5.      Midt-Austen

 

 

Kjeldesamlingar og problemstillingar vil bli utlevert på sjølve fagdagen.  Elevane skal skrive ein samanhengande artikkel om eit av tema på grunnlag av utleverte kjelder og læreboka. Ein kan anten arbeide i grupper eller individuelt, men kvar elev skal levere eit sjølvstendig arbeid.

 

I evalueringa vil det bli lagt vekt på disposisjon, språkleg presisjon, fagleg innhald, og at ein bruker ulike kjelder og drøftar desse. Når ein siterer eller refererer kjelder, blir det stilt krav om bruk av anten referatmarkørar eller kjeldetilvising i teksten.

 

Artikkelen skal leverast innført innan klokka 15.00.

 

 

Til lukke!

 


Fagdag i historie

     onsdag 22. mars 2006

Oppgåver

 

 

Vel ein av følgjande oppgåver:

 

1.      Gjer kort greie for framveksten av nazismen i Tyskland, og drøft på bakgrunn av kjeldematerialet årsaker til 2. verdskrig. (kopierte kjelder)

 

2.      Beskriv dei sosiale forholda i Noreg på 1800-tallet med utgangspunkt i utleverte kjelder. (kopierte kjelder)

 

3.      Gjer greie for angrepet på Norge 9. april 1940; anten i Norge som heilskap eller til dømes berre Rogaland.
Kjelder:
Kopierte kjelder
”Angrepet på Norge”
”Kunngjøring” (utvalgte artikler fra Rogalands Avis)

 

4.      Beskriv dagligliv og/eller norsk motstand i Noreg under krigen.
Kjelder: 
”Kunngjøring” (utvalgte artikler fra Rogalands Avis)
”Fritt Norge”
”Jødene i Rogaland”
”På alle hav”

 

 

5.      Gjer greie for konflikten i Midt-Austen mellom palestinarar og jødar frå 1. verdskrig og fram til i dag. Drøft på bakgrunn av kjeldematerialet argumentasjonen til dei to partane når det gjeld retten til området. (kopierte kjelder)

 

 

 

 

Til lukke!